Laksefiske og golf i Vefsen

"Ur-golfarane i Vefsn". Det fortelles at engelsmennene (britene) fisket laks i elven Vefsn i Nordland allerede fra midten av 1800 tallet og at de «de dreiv noko slags ballspill» mellom fiskeøktene.

Lokalhistoriker Kjell Øksnedal ved Helgeland Museum har i sitt notat «Ur-golfarane i Vefsn, Norland» skrevet om engelskmannen (anm. briten), vefsningen og de engelske (anm. britiske) ladies´  ballspill:

"Midt på 1800-talet møttest engelskmannen og vefsningen. Møteplassen var vel gjerne langs elva Vefsna, det største vassdraget i Nordland. Vefsna var på denne tida stadig blant dei 10 beste lakseelvene i kongeriket ! Desse første engelskmennene som dukka opp var vel ei usalig blanding av kapitalistar på utkikk etter investeringsobjekt og lakseelver, gentlemen og eventyrarar.

Di engelske hadde mykje utrustning og paragas når dei kom med dampen hit til landet kvar vår.
«Dæ va som ei innrøkkning av ein heil hær når di engelske kom med væsnet sett i ein føreti båtæ oppijøno ålvæ» sa den legendariske mellom-mannen, Johan Erlandsen. "Heile førti elvebåtar rodde og staka det (på det meste) oppigjennom Vefsna, frå Mosjøen til Forsjorda, med folk og forråd til ein heil sommar på fiske og eventyr i Vefsn-bygdene for engelsk pengefolk."

Det står vel ikkje til å nekte at somrane kunne bli lange for store og små ladyer. Dei vart vel mykje godt lakse-enkjer og noko til overs medan lordane sjølve, alltid med leigde innfødde roarar, låg og drog laks nede i idene. Fiska og fiska. Berre ei og anna av damene prøvde fiskelykka.

Det besteforeldra mine (f. 1892-94) og foreldra mine (f.1920-22) minnest best var at desse ladyene «dreiv med noko slags ballspel». Særleg var dei ofte ute på ettersommaren når alle eksren på den enorme Forsjord-flata låg der freistande som ein enorm golf-voll. «Dassæ-næ kvinnfolkjan, di jækk dar dag ette’ dag å slo å slo. Å mange ballæ slo di jo vekk, kan du skjønnæ. Vi ongan, vi fekk 10 øre stykkje når vi fann dassæ ballan å levert di på engelsk-villan".

Øksnedal konkluderer slik:
«Dermed er det berre å slå fast at golfen var introdusert i Vefsn for 100 år sidan. Men å påstå at det vart nokon folkesport, det ville vere å ta hardt i!»

Kjell M. Øksendal skriver om laks og Golf i Vefsn

Finn Søhol: Klubben i mitt hjerte

Har du noe å formidle?

Om du har saker, tekster, innputt, bilder, video eller noe som helst som du tenker er av interesse med hensyn til Norges golfhistorie vil vi gjerne høre fra deg!

Ta kontakt